Masåva

Laurdag 2. August, Gamle-gymnaset

Masåva kjenneteiknast av sin akustiske, drivande ljom (sound) med originale korharmoniar på norsk. Dei ettertenksame tekstane om mennesket som art og individ, tilhøyr i eit miljø og altoppslukande kjærleik frå eit ungt sinn, har ein sentral plass i musikken og løftast fram i det vekselvis drøymande og meir hardtslåande suggererande landskapet. Masåva skapar magi av kvardagsproblem, drøymer, sorg og kjærleik. Låtane er i eit originalt landskap mellom viser, folketonar og jazz, kor ærlege tekstar, fengande riff og gripande melodiar kan smelte stein.